Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000 NY DOKTORGRAD Gardsnamn og busetnadshistorie"Namn og gard. Studium av busetnadsnamn på –land". Materiale for avhandlinga er busetnadsnamn av land-klassen, som blir studert i eit overordna nordisk perspektiv og med fokus på eit sørvestnorsk namnetilfang. I Noreg er det meir enn 2000 namn av denne typen, med kjerneområde på Sørvestlandet. I tillegg til språkleg tolking av namnetilfang er spørsmål som gjeld tydinga til namneleddet –land og alderen til land-namna, tekne opp. Det opphavlege innhaldet til namneleddet vert drøfta med bakgrunn i bruken av ordet og nemnet land – og nærskylde ord – i nordeuropeiske språk. Alderen til namna er undersøkt med utgangspunkt i språklege og historiske grunnlag, m.a. på bakgrunn av arkeologisk funnmateriale, gardsnedlegging i kriseperiodar og landskyld i mellomalderen. Gardsnamna på –land blir òg drøfta i høve til andre sentrale klassar av busetnadsnamn, t.d. namn på –vin, -heim og –stad. I avhandlinga er det dessutan presentert meir enn 100 namn med etterleddet –land som no har funksjon som teignamn o.a., men som tidlegare kan ha vore busetnadsnamn av denne klassen. Personalia: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: |