Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000

NY DOKTORGRAD

Dikting og nasjonsbygging

Cand. philol. Torgeir Skorgen disputerer den 3. mars for dr. art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
"‘Der Frühling der Völker’: Hölderlin: Nationalgeist und Geschichtspoetik".
Den tyske diktaren Friedrich Hölderlin (1770-1843) vart i byrjinga av vårt hundreår gjenoppdaga og lansert som eit nasjonalt diktar-ikon. Seinare vart diktinga hans misbrukt i propagandaen til Det tredje riket. Tyske soldatar vart sende til fronten med eigne feltutval av dikta hans. I nyare tid har somme forskarar halde fast ved bildet av Hölderlin som faneberar for ei spesiell form for tysk kulturnasjonalisme. Andre har framheva den borgarleg-revolusjonære tendensen i diktinga hans og tona ned den nasjonale, som gjerne vert oppfatta som eit produkt av den påstått irrasjonelle og reaksjonære tyske romantikken. Likevel har det hittil mangla ei vitskapeleg undersøking som med utgangspunkt i moderne nasjonalisme- og litteraturteori tek føre seg nasjonstenkinga til Hölderlin. Hovudtesen i avhandlinga er at Hölderlin som nasjonstenkjar føyer seg inn i ein ein liberal, borgarleg-demokratisk nasjonalismetradisjon som kan førast attende til Montesquieu, men at ein må skilje mellom tre ulike "nasjons-kodar" hos Hölderlin. Desse kodane gjev horisontar for den historiske og nasjonale sjølvfortolkinga og kriteriar for kven som står innanfor og utanfor det førestelte nasjonale fellesskapet. Medan dei tidlegaste ungdomsdikta er prega av ein moralsk nasjonskode, finn vi i dei seinare ungdomsdikta ein statsborgarrettsleg nasjonskode. Dei seinare dikta hans legg vekt på språk, dikting og historie som "uttrykk" for den klimatisk prega "folkekarakteren". Men dette utgjer også stadig meir problematiske horisontar for den nasjonale og humanistiske sjølvforståinga til den seine Hölderlin.

Personalia:
Cand. philol. Torgeir Skorgen (32) er fødd i Målselv og oppvaksen i Eidsvåg i Romsdal. Han vart cand. philol. ved Universitet i Bergen i 1994 og har i perioden 1995-99 vore doktorgradsstipndiat (NFR) og har arbeidd ved Germanistisk insititutt ved UiB.

Tid og stad for disputasen:
03.03.2000, kl. 10.15, Aud. 4, Jus-bygget (Dragefjellet), Magnus Lagabøtesplass 1.

Kontaktpersonar:
Torgeir Skorgen 55 58 31 53 (a) 55 21 61 33 (p)
epost: torgeir.skorgen@germ.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no

Du kan tinge avhandlinga på Byttekontoret ved Universitetsbiblioteket, tlf. 55 58 88 38