Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000

NY DOKTORGRAD

Den klassiske sosiologien i eit moderne perspektiv

Cand. polit. Atle Møen disputerer 26. mai for dr. polit.- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
"Individualisering, subjektivitet og fellesskap. Ein samanheng mellom klassisk – og moderne sosiologi"
I avhandlinga vert eit utval klassiske tekstar av Georg Simmel, Max Weber og Emile Durkheim tolka ved hjelp av omgrep frå eit moderne sosiologisk perspektiv om individualisering. Individualisering vil seia at menneska må skapa sine personlegdomar, sine moralske verdiar og sine fellesskap, utan støtte frå ein sikker tradisjon eller trygge fellesskap. Individa vert dei fleksible einingar i samfunnet, og dette opnar opp for mange alternative og motstridande tendensar: Det første alternativet er at menneska kan bli formelt frigjorde frå konforme fellesskap, men reelt vert dei underlagde ein ny tvang frå rasjonelle system: Dei formelt frie individa kan bli integrerte i ulike system som arbeidsmarknaden, konsummarknaden og velferdsstaten som isolerte individ utan sjølvstende. Det andre alternativet er at dei formelt frie individa kan skapa nye fellesskap og ein ny identitet i motstand mot å bli dominerte av marknaden, byråkratiet og ekspertveldet. Dei vestlege samfunna er særskild kjenneteikna av ei spenning mellom radikal tvang og undertrykking, og frigjering frå denne tvangen gjennom sosiale rørsler som skaper alternative fellesskap og nye kulturelle identitetar. Det siste alternativet er at menneska søkjer ly for alt det usikre og mangfaldige bak fundamentalistiske fellesskap og absolutte verdiar. I det globale samfunnet er det ein rørleg balanse mellom desse alternativa: Kapitalisme, teknologi, informasjon og mediakultur spreier seg, og folk forsvarer seg enten gjennom religiøs fundamentalisme, eller gjennom å utvikla alternative prosjekt, slik som i delar av miljørørsla og kvinnerørsla. Desse tema bind saman den klassiske og moderne sosiologien.



Personalia:
Atle Møen er fødd på Voss i 1961. Han er cand. polit. frå Universitetet i Bergen, 1988. Han har vore stipendiat, førelesar og amanuensis ved sosiologisk institutt, i ulike periodar frå 1992. No arbeidar han som forskar på eit prosjekt om sjukdom og helse i eit kulturelt perspektiv, og som stipendiat i Norsk faglitterær forfatterforening på eit prosjekt om Georg Simmel.

Tidspunkt og sted for disputasen:
26.05.2000, kl. 10.15, Lite auditorium, Lauritz Melzers hus (SV-bygget), Fosswinckelsgt. 6.

Kontaktpersoner:
Atle Møen, sosiologisk institutt, email: atle.moen@sos.uib.no, tlf 55 58 91 42 (a) 55 13 01 35 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no