Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000

NY DOKTORGRAD

Unge tanzanianske kvinner i ei brytingstid

Cand. polit. Liv Haram disputerer 26. februar for dr. polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
"‘Women out of sight’: Modern Women in Gendered Worlds. The Case of the Meru of Northern Tanzania"
Avhandlinga er basert på etnografisk materiale frå Meru-folket i det nordlege Tanzania der Haram gjorde eit omfattande antropologisk feltarbeid i perioden 1989 til 1995.
Som andre folk i store delar av det austlege Afrika, opplever Meru-folket ei brytingstid med auka sosial og økonomisk differensiering og stor mobilitet mellom landsbygda og byen. Samstundes er det store endringar i familie, ekteskap og kjønnsrelasjonar der stendig fleire kvinner før born utan ektemenn.
Avhandlinga drøftar korleis unge ugifte kvinner handterer sin seksualitet og reproduksjon og korleis dei utfordrar slekt- og foreldre-autoritet i eit ønske om større grad av handlefridom.
I eit samfunn der mannleg kontroll av kvinna vert teken for gitt og kvinna juridisk sett berre får tilgang på fast eigedom gjennom sin ektemann, vert den ugifte kvinna likevel sterkt avhengig av menn. Det gjeld fedre, brør, mannlege partnerar og fedre til borna deira.
Dei knyter seg difor svært ofte til veletablerte og gifte menn i meir eller mindre nære og langvarige partnerforhold. Eit slikt levesett gjer desse kvinnene og deira partnerar svært sårbare spesielt i ei tid der HIV-AIDS epidemien stendig breier om seg. Trass i at menn ofte har fleire seksualpartnerar enn kvinner, vert likevel kvinna sett på som smitteberaren av HIV-viruset. Som mange andre i det austlege Afrika, meiner Meru-folket at AIDS epidemien er ein "kvinnesjukdom", som særleg vert spreidd av den unge, attraktive og einslege kvinna.

Personalia:
Liv Haram er fødd i Ålesund i 1956 og vaks opp på Stranda. Ho tok hovudfag i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen (UiB) i 1988. Frå 1989 til 1992 arbeidde ho som forskar i eit tverrfagleg AIDS prosjekt i Tanzania, og vart deretter tilsett som NF-stipendiat ved Institutt for sosialantropologi, UiB. Sidan oktober 1997 har ho vore forskar ved Senter for internasjonal helse, UiB.

Tidspunkt og sted for disputasen:
26.02.2000, kl. 10.15, Auditoriet i Ulrike Pihls hus.

Kontaktpersoner:
Liv Haram, tlf. 55 97 49 88 (a), tlf. 55 31 49 99 (p), e-post adresse: Liv.Haram@cih.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no