 Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 1999
NY DOKTORGRAD
Den mentale horisonten
Cand.philol. Rasmus T. Slaattelid disputerer fredag 19.november for dr.art.-graden
ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Horizons of the Mind".
I klassisk tid høyrde "apori" (utvegsløyse) til filosofiens aller viktigaste
begrep. Avhandlinga utviklar ei fortolking av den klassiske filosofiens
"aporetiske metode", som så vert nytta til å undersøkje eit spesifikt
filosofisk problem: forsøka på å definere menneskets mentale "horisont".
Avhandlinga viser at horisontbegrepa i moderne tolkingslære og fenomenologi
er problematiske (eller aporetiske) i filosofisk forstand, og den viser
kva dette inneber gjennom å undersøkje freistnader på å løyse liknande
problem eller aporiar hjå m.a Leibniz, Kant og Wittgenstein.
Personalia:
Rasmus T. Slaattelid er fødd på Voss 9. januar 1964. Han vart cand.
philol. ved Universitetet i Bergen i 1993 og har i perioden 1994-1998
vore doktorgradsstipendiat (NFR) og har arbeidd ved Filosofisk institutt
i Bergen. Han abeider for tida på prosjektet "Gresk-norsk filosofisk ordbok"
same stad.
Tid og stad for disputasen:
Fredag 19. november 1999, kl. 10.15 i auditorium B, Sydneshaugen
skole, Sydnesplass 9.
Kontaktpersonar:
Rasmus T. Slaattelid, tlf. 55 58 24 93 (a), 55 55 82 83 (p), e-mail:
Rasmus.Slaattelid@fil.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12
56 91 (p), e-mail: ronnaug.tveit@info.uib.no
|