UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Karbondioksid og oksygen i dei Nordiske hav

Ingunn Skjelvan disputerer fredag 18. juni for dr.scient- grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Carbon and oxygen fluxes in the Nordic Seas»

Karbondioksid, CO2, vert tilført atmosfæren mellom anna frå bruk av fossilt brensel, som olje og kol, og CO2 vil vidare fordela seg mellom hav, atmosfære, plantar og jordsmonn. Opptak av atmosfærisk CO2 i havet er avhengig av skilnader i CO2-trykk mellom desse to media samt vindstyrken langs havoverflata. CO2-trykket i havet vert styrt av temperatur og biologi, der t.d. avkjøling av overflatevatnet gjev eit auka opptak av CO2 frå atmosfæren. Universitetet i Bergen har sidan 1995 tatt målingar av CO2-trykket i havoverflata og atmosfæren, hovudsakleg i Grønlandshavet, men også i Norskehavet og omkring Island. Frå desse målingane ser ein at størstedelen av våre havområde er såkalla sluk for atmosfærisk CO2 og effektiviteten av desse sluk-områda er studert. Basert på målingar over tid av uorganisk karbon, oksygen og næringssalt i havet, har Skjelvan også studert transporten av karbon og oksygen p.g.a. biologisk produksjon og oppblanding av underliggande vatn i ulike delar av dei Nordiske hav.

Personalia: Ingunn Skjelvan er frå Ytre Arna og er utdanna bioingeniør frå Bergen Ingeniørhøgskole og  vidare sivilingeniør i eksperimentalfysikk frå NTH (no NTNU). I 1995 fekk ho doktorgradsstipend frå Noregs Forskingsråd og har sidan arbeidd ved Senter for miljø- og ressursstudier og Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Tidspunkt og stad for disputasen: Fredag 18. juni 1999, kl. 10.00, Auditoriet, Østfløyen, Geofysisk institutt, Jahnebakken 3

Kontaktperson: Ingunn Skjelvan, tlf. 55 58 42 68 (a)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), e-mail: ronnaug.tveit@info.uib.no