Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999

NY DOKTORGRAD

Klimavariasjonar i dei Nordiske havområda

Cand. scient. Paul Skeie disputerer fredag 3. desember for dr. scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Spatial and temporal variability of the atmospheric forcing of the Nordic Seas"

Tema i avhandlinga er meteorologiske prosessar i dei nordiske ishavsområda. Over havisen i polhava vert det i mørketida danna svært kalde luftmassar nær overflata. I motsetnad til det vanlege i atmosfæren, at temperaturen avtek med høgda, aukar temperaturen over isen med høgda. Når slike kalde, arktiske luftmassar strøymer ut over hav, ofte i tilknytning til den kalde, vestlege sektoren av eit lågtrykk med senter i Barentshavet, oppstår intens overføring av varme frå hav til luft. Slike episodar blir studert ved hjelp av ein numerisk vervarslingsmodell. Statistiske analysar demonstrerer at desse utbrota av kald luft er svært viktige for det samla varmetapet frå dei Nordiske hava. Eit hyppig gjentakande atmosfærisk sirkulasjonsmønster på den nordlege halvkule (Barentshavs-oscillasjonen) vert identifisert ut frå analysar av moderne klimadata. Det vert påvist at månader med kraftige kaldluftsutbrot over dei Nordiske hava, ofte er milde i Sibir.

Personalia:
Paul Skeie er fødd og oppvaksen på Voss. Han tok cand. scient. eksamen ved Universitetet i Bergen i 1995. Etter eitt år som vit.ass., vart han oppteken som NFR-stipendiat ved Geofysisk institutt i 1996.

Tid og stad for disputasen:
Fredag 3. desember 1999 kl. 10.00, Auditoriet i austfløyen, Geofysisk Institutt, Allégt. 70.

Kontaktpersonar:
Cand.scient. Paul Skeie, tlf.: 55 58 26 93 (a), tlf.: 55 96 06 65
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), e-mail: ronnaug.tveit@info.uib.no

Avhandlinga kan skaffes frå Byttekontoret ved Universitetsbiblioteket, tlf. 55 58 88 38