UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD


 

Eit islamsk brorskap i Europa
Mark Sedgwick disputerer 19. mai  for dr. philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
 "The heirs of Ahmad ibn Idris. The spread and normalization of a Sufi order, 1799-1996".
Sufismen, den åndelige retninga innan islam, har hatt ein stor sosial og noen gonger også politisk betydning i muslimske samfunn. Denne avhandlinga tar opp eit av brorskapa som oppstod etter den særmerkte marokkanske sufi-læraren Ahmad ibn Idris. Avhandlinga fortel historia til eit sentralt og særprega brorskap som spreidde seg frå Mekka til Sudan, Egypt og Syria, og så vidare til søraust-Asia. Derfrå kom det til Italia, der sufismen nå har blitt ein uventa del av ei europeisk religiøs og intellektuell oppleving. Studien tar også opp kvifor og på kva måte dei islamske brorskapa endra seg over tid, og utviklar ei ny teoretisk forståingsramme. Den viser at brorskapet i den første fasen hadde ei rekke 'særpreg' som etter kvart svann bort. Etterkvart kom brorskapet til å likne på den 'normale' sufismen i dei ulike områda der det virka.

Personalia: Mark Sedgwick er fødd i London i 1960. Han tok BA ved universitetet i Oxford in 1981 og MA samme stad 1986. Frå 1987 er han tilsatt ved American University in Cairo i Egypt.

Tidspunkt og sted for disputasen: Onsdag 19.mai 1999, kl. 10.15 i Aud.2, Jusbygget, Magnus Lagabøters plass 1 (Dragefjellet).

Kontaktpersoner:
Knut S. Vikør,  tlf. 55 58 27 11, e-mail: knut.vikor@smi.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), e-mail: ronnaug.tveit@info.uib.no