UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Er skulen ein ressurs eller risiko for elevane si helse?
Oddrun Samdal disputerer 23. april for dr.philos-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«The school environment as a risk or resource for students' health-related behaviours and subjective well-being»

Avhandlinga studerer samanhengen mellom korleis elevane opplever skulemiljøet sitt og deira rapporterte helsevanar og livskvalitet. Betydninga av å kunne påverke eigen skulekvardag, opplevd støtte frå lærarar og medelevar og forventningspress frå lærarar og foreldre er studert basert på modellar frå forsking om arbeidsmiljøet blant vaksne. Spørjeskjemadata frå 11, 13 og 15-åringar i Finland, Latvia, Noreg og Slovakia er brukte. Spørjeundersøkinga er del av WHO-studien "Helsevanar blant skule-elevar" som har vore gjennomført i 24 land.
Resultata viser at i kva grad elevane får påverke sin eigen skulekvardag har betydning både for skuletrivselen deira og for røyking og alkoholbruk. Elever som opplever at dei får vere med å påverke skulereglar og føler dei blir behandla rettferdig trivst betre på skulen og i denne gruppa er det også færre som røyker og drikk alkohol enn blant elevar som ikkje opplever påverknad på skulekvardagen. Resultata viser også at elevar som trivst godt på skulen presterer betre enn elevar som mistrivst. Vidare ser eit godt forhold til medelevane ut til å vere den faktoren i skulemiljøet som har mest å seie for elevane sin generelle livskvalitet. Mønstra av samanhengar er dei same i alle dei fire landa til tross for at dei representerer ulike skulesystem og kulturar.

Skulen kan derfor vere både ein ressurs og ein risiko for elevane si helse. Ved å tilretteleggje for eit positivt skulemiljø kan ein også bidra til god helse og trivsel blant elevane og vidare leggje forholda godt til rette for læring. I dette arbeidet kan det vere særleg viktig å fokusere på tiltak som kan betre elevane sin påverknad i skulekvardagen og samhaldet mellom elevane.

Personalia
Oddrun Samdal er fødd i Bergen 29.04.67. Ho avla pedagogisk embetseksamen ved Høgskolen i Bergen i 1990 og hovudfagseksamen i ernæring, helse og miljøfag ved Stabekk Høgskole i 1992. Hausten 1993 fekk ho doktorgradsstipend frå Noregs Forskingsråd og har sidan då arbeidd ved HEMIL-senteret, Psykologisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Tidspunkt og stad for disputasen: Fredag 23. april 1999 kl 10.15, Auditorium, Psykologibygget, Christiesg 12, 1. etg.

To prøveforelesingar: Torsdag 22. april 1999 kl 16.15 («Health promotion during the first sixteen years of life : What to do and where to do it») og kl 17.15 («The educational system and public health : The effects of school-based interventions on lifestyle and health»). Stad: Auditorium, Psykologibygget, Christiesg 12, 1. etg.

Kontaktpersonar:
Oddrun Samdal Tlf. 55 58 25 60 (a) tlf. 55 31 94 42 (p), Oddrun.Samdal@psych.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), 55 12 56 91 (p)