Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999

NY DOKTORGRAD

Presseskikkens samtale 1930-1972

   

Cand.polit. Lars Arve Røssland disputerer 10. desember for dr.polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Presseskikkens samtale. Samtaleposisjonar for Norsk Presseforbund sitt faglege utval 1930-1972".

I 1972 fekk Norsk Presseforbund sitt faglege utval ny samansetning og nytt namn. Det nye Pressens Faglige Utvalg (PFU) fekk sju medlemmer: tre journalistar, to redaktørar og to såkalla «allmennhets-representantar». Heilt sidan 1930 hadde eit reint presseutval behandla saker med utgangspunkt i målestokken «god presseskikk». Uttalane frå utvalet framstår over tid som utvalets bidrag til presseskikkens samtale. Over tid trer utvalet fram med klare posisjonar i samtalen.

Utvalet har i perioden hatt 18 faste representantar - berre menn. Nokre få av desse igjen var medlemmer i utvalet då saksmengda tok til å auka monaleg utover på 1960-talet. Eit hovudspørsmål i avhandlinga er korleis dette utvalet har forvalta begrepet «god presseskikk» i perioden 1930-1972. Avhandlinga baserer seg på eit studium av alle dei behandla sakene i perioden som framleis er tilgjengelege. Studien kviler på diskursanalytiske innsikter og innsikter frå profesjonssosiologi. Stikkord for utvalet er ordenssøking på jakt etter autoritet. Ordenssøkinga måtte føregå i ei tid der journalistikken og pressa sin profesjonelle status var etter måten låg, samtidig - og i samanheng med dette - fanst det i svært liten grad noko utdanning for journalistar her i landet. Utvalet tok på seg oppgåva med å vera dannande og utdannande, gjennom sine uttalar.

Studien viser eit utval som moralsk strekar under orden framfor uorden. Journalistisk vektlegg det tradisjonelle ideal framfor alternative, utfordrande stilar. Politisk støttar det seg til den breie konsensusen framfor det system-kritiske og system-utfordrande. Særleg framtredande er desse posisjoneringane ovanfor avisa Dagbladet og ovanfor klagesaker basert på oppslag omkring den nye venstresida utover på 1960-talet og frametter.

Personalia:
Lars Arve Røssland (32) kjem opphavleg frå Husnes i Kvinnherad og vart cand.polit. i 1993. Han er for tida tilsett i eit vikariat som førsteamanuensis ved Institutt for medievitskap, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
Fredag 10. desember 1999, klokka 10.15 i Ulrike Pihls hus, Professor Keysers gate 1. Prøveførelesing blir halden samme stad, torsdag 9. desember kl. 14.15.

Kontaktpersonar:
Lars Arve Røssland, tlf.  55 58 91 12  (a), tlf.: 55 28 04 14 (p), epost: lars.rossland@media.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no