Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999 NY DOKTORGRAD Datasimulering av olje- og gasstrøymingCand.scient. Geir Åge Øye (28) disputerer fredag 3. desember 1999 for dr.scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «An Object-Oriented Parallel Implementation of Local Grid Refinement and Domain Decomposition in a Simulator for Secondary Oil Migration». Øye si avhandling tek for seg datasimulering av olje- og gasstrøyming i porøse og oppsprukne bergartar. Dei matematiske modellane som blir brukt i avhandlinga, skildrar røyrsla av hydrokarbonar frå moder-bergartane til dagens reservoar der boreriggane hentar ut olje og gass. Denne transporten kan strekkje seg over fleire titals milionar av år og over fleire hundre kilometer. Ei betre skildring av denne transporten er eit særs viktig ledd i arbeidet med å finne nye olje- og gassførekomstar, og for å forbetre utvinningspotensialet i allereie eksisterande felt. Transporten foregår ofte i store sprekker og forkastningar. Difor har ein i avhandlinga utvikla metodar som kan behandle desse lokalt, utan å gjere store endringar på dei resterande delane av simulerings-verktyet. Datasimuleringar av desse røyrslene kan vere for store for ei datamaskin. Eit av hovudmåla med denne avhandlinga har difor vore å utvikle metodar for å kunne bruke parallelle super-datamaskiner til desse simuleringane. Ved å bruke denne metoden, vil datasimuleringar som tidlegare kunne ta fleire månadar på ei datamaskin, no berre bruke nokre få dagar. Prosjektet er ei vidareføring av eit større EU forskningsprosjekt, der Norsk Hydro var ein av hovudbidragsyterane. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersoner: |