Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999 NY DOKTORGRAD Kollisjonar i partikkelfysikkCand.scient. Odd Magne Øgreid disputerer 8. november for dr.scient.-graden
ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Mellin Transform Approach
to Double-Box Diagrams". Ein av dei kraftigaste partikkel-akseleratorane er LEP-akseleratoren
ved CERN i Sveits, der Norge i fleire år har vore med i internasjonale
forskingsprosjekt. For å kunne gjere nøyaktige målingar
av kollisjonsprosessane ved LEP, må ein ha nøyaktig teoretisk
kjennskap til utfallet av elastiske elektron-positron kollisjonar. I avhandlinga
er det presentert ein metode basert på matematiske Mellin -transformasjonar
som gjer det mogeleg å gjennomføre desse berekningane med
høg presisjon. I dette arbeidet er det utvikla resultat knytta
til Euler-summar, oppkalla etter den kjende matematikaren Leonhard Euler
som levde på 1700-talet. Personalia: Tidspunkt og stad for disputasen: Kontaktpersoner: |