NY DOKTORGRAD
Samtaler mellom lege og pasient
John Nessa disputerer 29.mai 1999 for dr.med.-graden ved Universitetet
i Bergen med avhandlinga:
"Talk as medical work. Discourse analysis of patient-doctor
communication in general practice"
Avhandlinga er basert på analyser av konsultasjonar tatt opp
på lydband frå norsk allmennpraksis. Føremålet
med studien var å undersøkje korleis pasient og lege samhandlar
verbalt for å gjennomføre ein medisinsk konsultasjon, utvikle
ein diagnose og skape ein medisinsk realitet som grunnlag for medisinsk
intervensjon. Semiotisk (teiknteoretisk) språk- og kommunikasjonsteori
er anvendt på eit medisinsk materiale, og ein spresifikk transkripsjonsmetode
er utvikla for å overføre konsultasjonane frå
lydband til skriven tekst. På denne måten står konsultasjonen
fram som ein samanhengande redigert tekst i dialogform, som gjer
konsultasjonen tilgjengeleg for vidare analyser. Konsultasjonane
er også brukt som utgangspunkt for teoretiske diskusjonar av
sentrale omgrep knytta til pasient-lege relasjonen, som til dømes
omgrepet pasientautonomi.
Personalia: John Nessa er frå Hjelmeland, og er cand.med frå Universitetet i Oslo i 1979. Han har vore kommunelege i Hjelmeland frå 1985.
Tidspunkt og stad for disputasen: Laurdag 29. Mai kl 10.15 i Store Auditorium, Sentralblokka, Haukeland sjukehus.
Kontaktperson: Kommunelege John Nessa, tlf 51752203, e-post:
john.nessa@isf.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf.
55 12 56 91 (p), ronnaug.tveit@info.uib.no.