UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Slektsnamn og tilnamn i 1801

Cand.philol. Gudlaug Nedrelid disputerer for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen den 30. januar 1999 med avhandlinga:

'Ender og daa ein Aslaksen eller Bragestad.' Etternamnsskikken på Sør- og Vestlandet. Studiar i folketeljingsmaterialet frå 1801.

Avhandlinga er ei undersøking av etternamnsbruken på Sør- og Vestlandet slik han er belagd i folketeljingslistene frå 1801. Målet for undersøkinga er å kartleggja overgangen frå tradisjonell norsk namneskikk (med vekslande farsnamn for kvar generasjon) til den nyare skikken med arvelege etternamn (slektsnamn). Doktoranden har granska eit utval av folketeljingsmaterialet og dokumentert frekvensen av ulike namnetyper, skilnader mellom by og land og sosiale skilnader innanfor bymiljøet i bruk av dei ulike typane. Ho ser overgangen til faste slektsnamn som ein del av den generelle moderniseringsprosessen i samfunnet. Ho har lagt særleg vekt på å granska oppkomsten av slektsnamn av norsk opphav, gardsnamn (som Brudvig) og arvelege -sen-namn. Avhandlinga aukar kunnskapen om utviklinga av norsk slektsnamnsskikk, eit felt som har vore lite undersøkt tidlegare.

Personalia: Gudlaug er fødd i Jostedal i Sogn i 1952. Ho tok cand.philol.- graden med nordisk hovudfag i Bergen i 1985, og har seinare arbeidd på Universitetet i Bergen, Universitetet i Åbo og Agder distriktshøgskole. Ho var NAVF-stipendiat frå 1989 til 1992. Nedrelid er no tilsett som fysteamanuensis ved Høgskolen i Agder.

Tidspunkt og sted for disputasen: 30. januar 1999 kl. 10.15 i auditorium B, Sydneshaugen skole.

Kontaktpersoner:
Fysteamanuensis Gudlaug Nedrelid, tlf. 38 14 20 79 (arb) 38 09 68 76 (priv)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (arb), tlf. 55 12 56 91 (p)