Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999 NY DOKTORGRAD Korleis oppstår meiningar?Cand.polit. Simon Innvær (37) disputerer 4. desember 1999 for dr.polit.-graden ved universitetet i Bergen med avhandlinga: "Grid-group"-analysen i lys av weberiansk metodologi. Korleis oppstår meiningane våre og korleis er dei avgrensa?
Kvifor blir samanhengane mellom meiningane våre, såkalla sosiale
ordenar, haldne ved like? Når me endrar syn på samanhengane
i tilværet, for det hender jo, kvifor gjer me det? Sist, men ikkje
minst, kvifor identifiserer me oss med ulike meiningsdannande sosiale
ordenar og korleis er forholdet mellom dei? Dette er av dei meir klassiske
og ambisiøse spørsmåla innan feltet sosial teori.
Den såkalla "grid-group"-analysen hevdar å ha svar på
alle desse spørsmåla. Innvær argumenterer for og demonstrerer
kvifor teorien bør skrivast om når det gjeld korleis meiningane
våre oppstår, korleis dei er avgrensa og korleis dei blir
haldne ved like. I følge "grid-group"-analysen så kan forskaren
stilla seg "på utsida" av aktørane si sjølvforståing
og gjennomskoda det som eigentleg føregår. I motsetnad til
eit slikt syn på forholdet mellom forskar og forskningobjekt, finn
me ein weberiansk metodologi for konstruksjon av idealtypar som meir likestiller
forskaren (og hans/hennar teori) og aktørane si sjølvforståing.
Når Innvær går ut mot ideen om kollektive representasjonar
og skriv teorien om i lys av ein idealtypisk metodologi, så hevdar
han at teorien i beste fall kan: Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: |