NY DOKTORGRAD
Tsjekkia etter 1989
Cand.polit. Haldis Haukanes disputerer 28. mai for dr.polit.-graden
ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
«Grand Dramas - Ordinary Lives. State, Locality and Person
in Post-Communist Czech Society»
Avhandlinga er i hovudsak basert på datamateriale samla inn ved
feltarbeid i to ulike landsbysamfunn i Sør-Bøhmen og Sør-Morava
i perioden 1990-95. Den tek for seg tilhøvet mellom lokalt
forankra livssituasjonar og forteljingar på den eine sida og viktige
aspekt av det post-kommunistiske regimet sin retorikk og politikk på
den andre.
Gjennom å delta i lokalt sosialt liv, intervjua lokale nøkkelpersonar
og samstundes følgja offentlege debattar og nasjonal politikk har
Haukanes hatt høve til å fanga mangfaldet i utviklinga i Tsjekkia
i dei første åra etter at kommunismen fall. Haukanes viser
korleis det nye regimet m.a. i lovgjeving og gjennom retorikk om
marknadsøkonomien sin suverenitet, kom til å insistera på
at "fløyelsrevolusjonen" i 1989 representerer eit radikalt brot,
eit vass-skilje mellom to ulike historiske epokar. Den kommunistiske perioden
vart sett i parentes som ei uheldig og øydeleggjande misforståing
i nasjonen si historie, og det meste som kunne assosierast med denne perioden
vart forkasta eller latterleggjort. På lokalt plan fann Haukanes
at regimet sine bodskap om brot stundom vart reproduserte. Oftare vart
dei likevel imøtegått og utfordra.
Retorikken om brot står dessutan i skarp kontrast til folk si
trong og evne til å skapa kontinuitet, både identitetsmessig
og i lokale sosiale relasjonar.
Haukanes viser korleis lokal tilhøyrsle og kvardagsliv er súrleg
viktige ressursar i folk sitt arbeid med å skapa kontinuitet. Samstundes
er noko av grunnlaget for kontinuiteten på lokalt plan å finna
i landet si positive nasjonaløkonomiske utvikling i dei første
åra etter 1989. Låg arbeidsløyse kombinert med ei brukbar
reallønsutvikling gjorde det mogeleg for folk å bli verande
på heimstaden sin, oppretthalda tradisjonelle samvúrsformer og gjeremål,
og vedlikehalda eit lokalt moralsk fellesskap.
Personalia: Haldis Haukanes er fødd i 1962 og oppvaksen i Samnanger utanfor Bergen. Ho tok hovudfag i sosialantropologi i 1992, og har sidan 1993 vore tilsett som stipendiat ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen.
Tid og stad for disputasen: Fredag 28.05. kl. 10.15 i auditoriet i Ulrike Pihls hus.
Kontaktpersoner:
Haldis Haukanes, tlf. 55 58 92 59 (a), tlf. 55 32 67 64 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf.
55 12 56 91 (p), e-mail: ronnaug.tveit@info.uib.no