UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Væskestraum i porøse media

Alv-Arne Grimstad disputerer mandag 15. mars for dr.scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"On nonlinearities and covariance analysis for the reservoir fluid flow model"

Avhandlinga tek for seg enkelte problemstillingar kring bestemming av strøymings-eigenskapar ved porøse medium. Enkelte av desse eigenskapane, slik som innverknaden væsker har på strøyminga til kvarandre, kan ikkje målast direkte. Likevel har dei innverknad på utfallet av strøymingsforsøk, og dette kan brukast til å fastsette verdiane indirekte. Metodar som vert brukte til å rekne ut uvissa i dei fastsette verdiane nyttar seg av nokre forenklingar som ikkje alltid er like gode. I avhandlinga ser Grimstad på metodar for å måle graden av feil i desse forenklingane. Desse metodane vert utprøvde med simuleringar av tenkte eksperiment. Arbeidet er ein del av instituttprogrammet 'A Program for Advancing System and Parameter Identification' ved Universitetet i Bergen, RF-Rogalandsforskning og Texas A&M University, og er finansiert av Norges Forskningsråd.

Personalia: Alv-Arne Grimstad er fødd i 1969 og oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre. Han tok cand.scient. eksamen i teoretisk atomfysikk ved Universitetet i Bergen i 1994. Etter avtent verneplikt vart han tilsett som NFR-stipendiat tilknytt reservoargruppa ved fysisk institutt i 1995.

Tidspunkt og stad for disputasen: Mandag 15. mars, kl. 10.00, Stort auditorium, rom 2144 i datablokka ved HIB, Thormøhlensgt. 55.

Kontaktpersonar:
Cand. Scient. Alv-Arne Grimstad, tlf: 55 54 39 28 (a).
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf: 55 58 90 43 (a).