UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Venstresosialistisk EU-politikk

Cand. polit Dag Arne Christensen disputerer 7. mai for dr. philos-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
 "Venstresosialistisk EU politikk: Ei analyse av Sosialistisk Venstreparti i Noreg, Vänsterpartiet i Sverige og Socialistisk Folkeparti i Danmark 1973-1997".
Det svenske Vänsterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Noreg var aktive i kampen mot EU medlemskap i folkerøystingane hausten 1994. Socialistisk Folkeparti i Danmark, derimot, rådde sine veljarar til å røysta "ja" til Edinburgh - avtalen i mai 1993, etter at veljarane eitt år tidlegare hadde røysta mot Maastricht-traktaten i ei folkeavrøysting den 2. Juni 1992. Christensen freistar i si avhandling både å kartleggje dei venstresosialistiske partia sin EU-politikk og å forklara variasjonar som den ovanfor. Kva omsyn tek partia når dei formulerer sin politikk? Avhandlinga gir følgjande svar: Dei tre partia har ikkje stått framfor den same problemstillinga. Dansk EU-debatt har over tid flytta seg bort frå debatten om medlemskap, til ein konflikten om kor tett Danmark skal integrerast i det europeiske samarbeidet. Skifte har lagt grunnlaget for kompromiss mellom dei danske politiske partia. I Noreg og Sverige gjaldt det "ja" eller "nei" til medlemskap, ein debatt som ikkje skapte same grunnlaget for kompromiss. Socialistisk Folkeparti sin EU-politikk er såleis sterkt knytt til partileiinga sine ambisjonar om å bli ein attraktiv regjeringspartnar for Socialdemokratane og Det Radikale Venstre. Vänsterpartiet i Sverige og SV i Noreg har stått framfor sterke sosialdemokratiske parti som ikkje har hatt trong eller intensjonar om å sleppe venstresosialistane inn i regjeringskontora.

Personalia: Dag Arne Christensen er 37 år, oppvaksen på Voss, og tok hovedfag i samanliknande politikk i 1992. Han har arbeidt ved Institutt for samanliknande politikk, UiB, sidan 1992. I dag er han prosjektleiar i Kommunal- og regionaldepartementet.

Prøveforelesning: torsdag 6. mai kl. 14.15 og 15.15 samme stad.

Tid og stad for disputasen: Fredag 7. mai  kl. 10.15 i Auditorium, Ulrike Pihls hus.

Kontaktpersonar: Dag Arne Christensen tlf. 55 58 97 53 (a), tlf.55 22 98 20 (p).
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p).