UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Regulert celledød

Cand. med. Odd Terje Brustugun disputerer 12. mars 1999 for dr. med.- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Apoptosis: Role of Protein Phosphorylation and Cytochromc

Ein artikkel i avhandlinga demonstrerer forbetring av metodar for påvising av genprodukt inne i levande celler; eit viktig tema innafor celle- og molekylærbiologi. Dei fire andre tek for seg fenomenet apoptose, også kalla regulert celledød. Det viser seg at ikkje berre celledeling er nøye kontrollert; også celledød foregår etter eit komplisert genetisk program. Gjennom heile livet blir det produsert langt fleire celler ved celle-deling enn det som trengst for vekst og erstatting av øydelagd vev, og det må difor vere eit nøye samspel mellom celledeling og celledød. Ei rekkje sjukdomar er assosiert med feil i celledødsprogrammet, t.d. vil for mykje apoptose kunne føre til Alzheimers sjukdom, medan for lite apoptose spelar ei rolle ved kreft.
I avhandlinga si syner Brustugun at apoptose kan framprovoserast av gift frå blågrøne algar. Desse får cellene til å starte celledødsprogrammet uhyre raskt, i løpet av få minutt. Dette funnet kan utnyttast i det vidare arbeidet med å klargjere apoptose-mekanismen. Vidare har han undersøkt protein som er nødvendige i cella sin normale energiproduksjon (cytokrom c), og gjort interessante funn når det gjeld rolla dette proteinet spelar i celledøden. Med auka kunnskap om desse prosessane vil ein i framtida ha gode sjansar til å få betre medisin mot ei rad sjukdomar.

Personalia: Odd Terje Brustugun er frå Gol, og født i 1970. Han vart cand.med. ved Universitetet i Bergen i 1995. 1996-1998 stipendiat (Den Norske Kreftforening) ved Institutt for anatomi og cellebiologi, UiB. Frå januar 1999 turnuslege ved Vestfold Sentralsykehus, Tønsberg.

Tidspunkt og stad for disputasen: Fredag 12. mars, kl 09.15, Aud. I, PKI, Årstadveien 19

Kontaktpersonar:
Odd Terje Brustugun, tlf. 33 34 20 00 (a) 33 34 76 41 (p), odd.brustugun@pki.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf: 55 58 90 43 (a)