UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Å forklara Europa

Cand.polit. Pål Hermod Bakka (45) disputerer laurdag 13.februar 1999 for den filosofiske doktorgraden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Explaining Europe. A Weberian reconstruction of European political development based on Stein Rokkan’s conceptual map of Europe.

Det store spørsmålet i studiet av politisk utvikling er kvifor den universelle "moderniteten" vaks fram i Europa- og berre i Europa. Avhandlinga viser at utviklinga i retning av demokrati, byråkrati og kapitalisme k an forklarast på grunnlag av Stein Rokkan sin teori om samspelet mellom politiske institusjonar og politisk geografi. Utgangspunktet for denne utviklinga er det territoriale samanbrotet av det europeiske økumeniske imperiet i Mellomalderen. E uropeisk politisk geografi er fotefara etter dette verdsriket. Den europeiske politisk-institusjonelle arkitekturen, dualismen mellom representasjon og øvrighet, er den historiske måten som fragmenta av verdsriket vart integrerte i nye statar på. Utviklinga mot det moderne samfunnet er ein konsekvens av den normative regulerte konkurransen mellom statane, der intern mobilisering av økonomisk ressursar og folkeleg støtte var avgjerande for å overleva. Både byr&a ring;krati, kapitalisme og demokrati er måtar å optimalisera mobilisering av ressursar på.

Personalia:
Pål Hermod Bakka er fødd i Bergen 11.mars 1953. Han tok hovudfag i samanliknande politikk i 1982. Han arbeider som fagreferent ved det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Tid og stad for disputasen: Ulrike Pihls Hus, laurdag 13.februar kl. 10.15.
Prøveførelesingar: Frederik Meltzers Hus, fredag 12.februar kl.10.15 og 11.15
Sjølvalt emne: "Because the peasants won. Reflections on American political culture in a comparative historical perspective"
Oppgitt emne: "Political development and the legacy of European state-building for the Atlantic Periphery from the Middle Ages"

Kontaktpersoner:
Cand.polit. Pål Hermod Bakka, tlf.55 58 28 00 (a)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a).