Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999

NY DOKTORGRAD

Distriktshøgskulen - frå idé til lokalisering

   

Cand. philol. Oddbjørn Melle disputerer 26. november for dr. art-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Ein høgskule finn sitt distrikt. Nasjon -region -institusjon. Om bakgrunnen for høgskuleetablering i Møre og Romsdal: Volda og Molde».

Den 20. juni 1969 vedtok Stortinget å plassere dei første utdanningsinstitusjonane av eit nytt slag, distriktshøgskulane. Kva låg til grunn for å opprette eit nytt nivå i den norske utdanningspyramiden, mellom gymnas og universitet? Og kvifor vart den eine av desse skulane lokalisert til eit lite bygdesamfunn samstundes med at større byar som Stavanger og Kristiansand fekk seg tildelt slike institusjonar? Sentralt i avhandlinga står det kulturelt todelte Noreg, konkretisert ved bygda Volda og regionen Sunnmøre i tevling med byar som spelte på sitt høge folketal. Med referanse til regionens kulturelle kapital, inkludert ein relativt lang lærdomstradisjon og det nynorske språket, prøvde ein å rydde rom for at også noko anna enn kvantitative faktorar og tilpassing til urbaniseringsprosessen skulle få legitimitet som lokaliseringsgrunnlag.

Avhandlinga analyserer ein politisk avgjerdsprosess med sine aktørar, mobilisering, alliansebygging og lobbyverksemd på det lokale, regionale og nasjonale planet.

Personalia:
Oddbjørn Melle er fødd i 1944 og kjem frå Ørsta. Han vart cand. philol i 1973 med historie hovudfag. Melle underviste i den vidaregåande skulen fram til 1992, først ved Bryne gymnas, deretter i Volda. Han har vore tilsett ved avdeling for lærarutdanning, Høgskulen i Volda, sidan 1994.

Tid og stad for disputasen:
Fredag 26. november kl. 10.15, Sydneshaugen skole, aud. B, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Oddbjørn Melle, tlf. 70 07 53 24 (a), tlf. 70 06 83 40 (p), e-post: ome@hivolda.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), e-mail: ronnaug.tveit@info.uib.no