Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999 NY DOKTORGRAD Geologisk utvikling i Nordsjøen siste 142 millioner årAvhandlinga omfattar kartleggjing av lagrekkjer av kritt og tertiær alder for å auke forståinga av den geologiske utviklinga i den nordlege delen av Nordsjøen (58-62* N). Tidsintervallet kritt til tertiær er den delen av bassenghistoria der samantrekkjing av jordskorpa og likevektsprosessar dominerer ("post-rift"). Samanlikna med jura tid, som var prega av forkastningsaktivitet ("rift"), har intervallet kritt til tertiær i Nordsjøen vore lite utforska. Årsakene til dette er både knytta til mindre sjanse til å finne hydrokarbonar, og til oppfatning om at tidsintervallet kritt til tertiær har ei enklare geologisk utviklingshistorie enn eldre lagrekkjer. I avhandlinga er det lagt særleg vekt på å kvantifisere geologiske utvikling i Nordsjøen ved hjelp av datasimuleringar. I slike simuleringar inngår tolking av jordskorpa sine eigenskapar og variasjonar i havdjup gjennom tid. Resultata viser at det kan ha vore jordskorpebevegelsar i Nordsjøen gjennom kritt til tertiær som avvik frå føresetnaden om at dette intervallet har ei enkel geologisk utvikling. Desse avvika er knytta til geologiske prosessar i nærliggjande områder. Resultata frå desse analysene kan gi nyttig informasjon om danning, migrasjon og oppsamling av hydrokarbonar, og om korleis erosjon, transport og avsetning av sedimenter kan ha vore gjennom kritt og tertiær tid. Personalia: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: |