Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999

NY DOKTORGRAD

Kollektivt minne

   
Cand. polit. Johs. Hjellbrekke disputerte 10. desember for dr.polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
"Yard Work and Worker Memories. An Analysis of Fields and Practicesof Remembering from a Relationist Standpoint".
I avhandlinga analyserer Hjellbrekke korleis `kollektivt minne` eit omgrep mynta av durkheimeleven Maurice Halbwachs, kan utøve strukturerande kraft på oppfatningar av samtidige sosiale strukturar, samstundes som sosiale strukturar, biografiar, felt- og posisjonshistorier også utøver strukturerande kraft på 'kollektive minner'. Ei sentral problemstilling er korleis historiske prosessar, hendingar, epokar og personar ikkje berre kan verte gjenstand for konfliktar, men også korleis dei kan oppnå status som symbolsk kapital i stridar om ulike former for makt.
Empirisk søkjer avhandlinga å iverksetje dette programmet i ein analyse av verftsarbeidarar ved Kværner Rosenberg Verft, Stavanger, sine minner om arbeidsplassen sin og byen dei har budd i, og korleis dialektikken mellom desse minna og endringsprosessar både på verftet og i byen kjem til uttrykk i sosiale praksisar og maktrelasjonar i samtida.

Personalia:
Johs. Hjellbrekke (34) er frå Jølster, og avla i 1993 cand.polit.-graden i sosiologi ved Universitet i Bergen. Han hartidlegare vore universitetsstipendiat ved Sosiologisk Institutt,Universitetet i Bergen, og er for tida universitetslektor same stad.

Tidspunkt og sted for disputasen:
10.12.1999, kl. 10.15, Stort Auditorium, Lauritz Meltzers hus

Kontaktpersoner:
Johs. Hjellbrekke, 55 58 91 65 (a), 55 32 54 31 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no