UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Norsk og europeisk modernisme

Førsteamanuensis Jan Inge Sørbø disputerer 4. september for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergern med avhandlinga:

"Målt mot det yttarste" - Arnold Eidslott - Theodor W. Adorno - ein konstellasjon

I avhandlinga gjer Sørbø ein samanliknande studie mellom to verk. Det dreier seg om Theodor W. Adornos fragmentsamling Minima Moralia (1951) og Arnold Eidslotts diktsamling Veien til Astapovo. Sørbø tolkar begge desse som litterære tekstar, sjølv om Adorno sine tekstar står i ein tradisjon av filosofiske tekstar, medan Eidslott skriv mordernistiske dikt. Grunnen til dette er at det finst ei rekkje samanfallande motiv hos dei to, primært at begge skriv om krigen og om lidingsaspektet ved livet i det moderne. Adornos bok er for ein stor del skriven under krigen og i eksil, medan Eidslotts bok gjer krigen - både andre verdskrigen og krigen som eit allment fenomen - til eit viktig tema.
Noko av føremålet med samanstillinga er å visa korleis heilt ulik filosofisk og religiøs orientering gjev seg utslag i ulike tekstar, også når motiva er dei same. Men avhandlinga freistar også å visa at dei to har det til felles at dei brukar eit apokalyptisk språk. Dei målar, med Eidsllotts uttrykk "alt mot det yttarste".
Samanstillinga viser også at den kristne diktaren Eidslott har mange viktige modernistiske kjenneteikn, medan den marxistisk inspirerte filosofen Adorno tek i bruk tankefigurar frå jødisk teologi. På denne måten opnar sjølve samanstillinga for nye perspektiv på dei to forfattarskapa.

Personalia:
Jan Inge Sørbø (f. 1954) har hovudfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i 1982. Han var kulturjournalist i Dagen 1982-87, og i Stavanger Aftenblad frå 1987-89, der han framleis har faste oppgåver. I dag arbeidar han som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive 10 bøker, mellom anna ei essaysamling om Arnold Eidslott.

Tid og stad for disputasen: Fredag 4.september kl. 10.15. i Aud. B, Sydneshaugen skole.

Kontaktpersoner:
Førsteamanuensis Jan Inge Sørbø, tlf.70 07 52 26 (a), tlf. 70 07 74 29 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p)