UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Svulst gjev svekt muskelkraft

Cand.med. Geir Olve Skeie disputerer for dr.med.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Autoimmunity against titin and ryanodine receptor in myasthenia gravis: clinical and immunological aspects"

Myasthenia gravis er ein nevrologisk sjukdom som rammer impulsoverføringa mellom nervar og muskulatur og fører til svekt muskelkraft. Muskelsvakheten rammer oftast auge-, ansikt og svelg/talemuskulatur. I alvorlege tilfelle kan all muskulatur, inkludert pustemuskulatur, bli ramma. Ca 500 personar i Noreg har "myasthenia gravis" som er vanlegast hjå unge kvinner, men og kan oppstå hjå pasientar med ein svulst i thymus (brisselen). Diagnosen stiller ein ved påvising av eit spesielt antistoff, og Haukeland Sjukehus har landsfunksjon for denne testen. I avhandlinga har ein spesielt studert sjukdoms-mekanismane hjå pasientane med slik svulst. Desse pasientane har i tillegg antistoff mot muskelproteina titin og ryanodin reseptor, som begge er viktige for å oppretthalde normal muskelstruktur og funksjon. Det framgår at pasientar med antistoff også mot desse muskelproteina har eit meir alvorleg sjukdomsforløp en dei som ikkje har slike antistoff. Ein har og prøvd å kartleggje korleis thymom-svulsten fører til utvikling av myasthenia gravis. Avhandlinga består av åtte internasjonale publikasjonar. Avhandlinga utgår frå Institutt for nevrologi, Universitetet i Bergen.

Personalia:
Geir Olve Skeie er 34 år, og opprinneleg frå Norheimsund i Kvam kommune. Han vart cand.med. ved Universitetet i Bergen i 1990. Frå 1993 var han assistentlege ved Nevrologisk avdeling Haukeland Sykehus, og frå 1996 universitetsstipendiat ved Institutt for nevrologi, UiB. Skeie er assistentlege ved Nevrokirurgisk avdeling Haukeland Sykehus frå september 1998.

Tid og stad for disputasen: Fredag 4. 9. kl. 10.15, Store aud., Sentralbl., Haukeland sykehus.

Kontaktpersonar:
Assistentlege Geir Olve Skeie, tlf. 55 97 51 29 (a), tlf. 55 31 50 53 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55. 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p)