UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD
 

Spreiing av DNA i jord

Cand. scient. Asbjørg Karine Drønen (32) disputerer fredag 18. September for dr. scient.- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Plasmid mediated gene exchange in soil.»

Spreiing av modifisert DNA til bakteriar i miljøet kan vere ein mogeleg konsekvens ved utsetting av genmodifiserte mikroorganismar i naturen. Plasmid er DNA-element som kan verta overførte mellom bakteriar med høg effektivitet. Slike plasmid frå naturlege bakterie populasjonar kan derfor potensielt entre gennmodifiserte bakteriar, plukke opp modifiserte DNA, og bringe denne med seg attende til dei naturlege bakteriepopulasjonane. I avhandlinga si har Drønen undersøkt nærveret av overførbare plasmider med eit breitt vertsspekter i bakteriepopulasjonar frå jord. Ein viktig del av studiet var å undersøke effekten av ytre stress på plasmidnærveret. Exogen plasmid isolering, der plasmider vert "fanga" i plasmidfrie bakteriar, vart nytta som hovudteknikken i arbeidet.

Personalia:
Asbjørg Karine Drønen er født i Austevoll. I 1988 vart ho Ingeniør i Teknisk Miljøvern/Akvakltur ved Høgskolesenteret i Rogaland. Ho heldt fram med studier ved  Universitetet i Bergen i 1989, og avla i 1993 cand. scient. eksamen ved Institutt for Mikrobiologi i Bergen. Etter eit  år som prosjektansatt ved Institutt for Mikrobrobiologi, vart ho i 1994 tatt opp som stipendiat ved same institutt.

Tid og Stad for disputasen: 18 September kl 10 15, Auditoriet ved Institutt for Mikrobiologi, Jahnebk. 5.

Kontaktpersonar:
Asbjørg Karine Drønen, tlf. 55 58 26 80/46 48 (a) tlf. 55 28 84 91 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p)