UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Vindmålingar med satellitt

Cand scient Øyvind Breivik (28) disputerer fredag 11. september for dr.scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

«Sea State Modulation of Radar Measurements»

Avhandlinga tek utgangspunkt i hypotesen om at sjøtilstanden, representert ved skråningsspekteret til lange bølger, vil ha innverknad på radarmålingar av havflata. Dette arbeidet har interesse for måling av vind over hav med det såkalla «scatterometeret» som mellom anna er montert på ERS-satellittane. Det er kjent at innfallsvinkel, vindstyrke og vindretning påverkar signalet. Empiriske algoritmer blir brukt til å finne vindvektorar frå signala frå dei tre radarantennene på scatterometeret.
I doktorgradsavhandlinga blir ein ny modell for korleis signalet blir påvirka av korte og lange havbølger presentert. Vidare blir modellen testa og det blir undersøkt om bølgefeltet har signifikant innverknad på signalet. Modellen har ei rad frie parametrar som alle må tilpassast. Denne tilpassinga er presentert saman med ein tolking av dei fysiske og empiriske resultata som kom ut av dette arbeidet.
Til sist er eit statistisk arbeid presentert der ERS-2 satellittdata er samstilt med data frå ein bølgevarslingsmodell. Også her er hypotesen om at sjøtilstanden påverkar radarsignalet undersøkt, men denne gongen fristilt frå modellar for korleis radarsignalet blir modulert av bølgefeltet.

Personalia: Øyvind Breivik er fødd i Bergen. Han tok cand. scient.-graden i 1995 ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen, og vart same år teken opp til dr. scient.-graden. Som stipendiat har han vore finansiert delvis over EU-prosjektet «European Coupled Atmosphere-Wave-Ocean Model» og delvis med eit stipend frå Norges Forskingsråd.

Tidspunkt og stad for disputasen: Geofysisk institutt, Auditoriet i Austfløyen, fredag 11. september 1998, kl 11:00.

Kontaktpersoner:
Førsteamanuensis Knut Barthel (rettleiar), Geofysisk institutt, tlf: 55 58 28 87, e-post: barthel@gfi.uib.no.
Cand.scient. Øyvind Breivik, tlf 55 58 29 73 (a), tlf. 55 28 70 74 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), e-post: ronnaug.tveit@info.uib.no