UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Forbod mot kjernefysiske våpen?

Cand. polit. Astrid Forland disputerer den 14. mars for dr.art. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

NEGOTIATING SUPRANATIONAL RULES
The Genesis of the International Atomic Energy Agency Safeguards System

I løpet av etterkrigstida har det langt på veg utvikla seg eit "tabu" når det gjeld utvikling og ikkje minst bruk av kjernefysiske våpen. Eit viktig ledd i denne prosessen var framforhandlinga av eit kontrollsystem, administrert av Det Internasjonale Atomenergibyrået i Wien, for å sikra at land ikkje skulle kunna bruka materiale og teknologi frå sivile atomanlegg som utgangspunkt for å produsera kjernefysiske våpen. Forhandlingane om dette kontrollsystemet er tema for avhandlinga.

Avhandlinga viser korleis forhandlingane gjennomgåande var prega av motsetningar langs fleire aksar: ein Aust-Vest akse, ein Nord-Sør akse, og dessutan av indre motsetningar i Nato. Ikkje minst Vest-Tysklands spesielle situasjon under den kalde krigen kom til å influere sterkt både på forhandlingsgangen og på resultatet. USAs og Sovjetunionens felles interesse i å hindra atomspreiing vart avgjerande for at det steg for steg vart etablert ein global, overnasjonal atomkontroll.

Personalia:
Astrid Forland (41) er frå Sotra, utanfor Bergen. Ho tok hovudfag i historie i 1985 på ei oppgåve om norsk atomenergipolitikk. Fram til 1987 arbeidde Forland med nedrustningsspørsmål i Utanriksdepartementet. 1993 vart Forland forskingsrådsstipendiat. Arbeidet med doktoravhandlinga er utført ved Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen, og ved FNs institutt for nedrustningsforsking (UNIDIR) i Geneve. Forland er førsteamanuensis i historie ved Høgskolen i Stavanger.

Tid og stad for disputasen: 14. mars kl. 10.15, Sydnesh. skole, aud. B, Sydnesplass 9.
 
Kontaktpersonar:
Cand.polit. Astrid Forland, tlf. 55 58 29 81/51 83 16 67 (a), tlf. 56 33 80 68 (p)
Info.konsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p)