Partners and competitors. Gendered entrepreneurship in Ghanaian Canoe Fisheries.
I Ghana har kvinner ein uvanleg sterk posisjon i fiskerisektoren. Avhandlinga
er ein studie av korleis sosiale, økonomiske og kulturelle prosessar
formar produksjon og marknadsforhold i kanofiskeriet, med særleg
vekt på den viktige rolla kvinner har i foredling, handel og distribusjon.
Basert på etnografisk feltarbeid i tre Ghanesiske kystsamfunn, gjer
Overå greie for korleis kvinner gjennom si sentrale marknadsrolle
har blitt viktige kredittinstitusjonar i fiskeria. Mange kvinner har også
sjølve investert i kanoar og motorar, og hyrer mannskap til å
fiske for seg. Kvinner gjer karrierer ved å kombinere ressursar i
fleire sosiale felt, som ekteskap, slektskap, marknad og fiskeri. Studien
fokuserer på korleis den sosiale konstruksjonen av kjønn på
ulikt vis i tre lokalsamfunn verkar som ein barriere, men også som
ein opning og ein fordel, når kvinner aktiviserer kapital frå
den kvinnedominerte marknadssfæren i den mannsdominerte fiskerissfæren
Målet med avhandlinga er å vise korleis kjønn er
medverkande i økonomiske og sosiale endringsprosessar, og dermed
å gi eit bidrag til ei betre forståing av den teknologiske
utviklinga som har gjort kanofisket i Ghana til eit av dei viktigaste fiskeria
i Vest-Afrika.
Personalia
Ragnhild Overå er frå Hareid på Sunnmøre.
Ho tok cand. polit. graden ved Institutt for geografi ved Universitetet
i Berge i 1992. Ho arbeider no som forskar ved Senter for utviklingsstudier,
Universitetet i Bergen.
Tidspunkt og sted for disputasen: 26. juni, kl. 13.15 i auditoriet i Ulrike Pihls Hus
Kontaktpersoner:
Cand. polit. Ragnhild Overå, tlf. 55 58 93 00
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35