UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Molekylær undersøkelse av parasittart

Cand. scient. Frank Nilsen (32) disputerer 25.juni 1998 for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Microsporidian phylogeny - a molecular approach

Microsporidier er eit Fylum med ein-cella eukaryotar som er parasittar i dei fleste dyregrupper. Microsporidier er m.a. karakterisert ved at dei manglar mitokondrier i alle utviklingsstadier. Dei er særleg alminnelige i insekt og fisk, men er óg i dei seinare åra funnen som opportunistiske parasittar i menneske med immunsvikt. I 3 av arbeida i dette studiet er ribosomal DNA (rDNA) sekvens analyse nytta til å studere slektskapet mellom microsporidier frå ulike verts-grupper. I tillegg er ein ny art intranukleær microsporidie frå kveite studert ved hjelp av elektron mikroskopi. Ved å nytta ulike delar av dette gen-komplekset kan ein studera slektskap mellom både nært- og fjerntbeslekta artar. rDNA er sekvensert frå ialt 16 ulike microsporidie-isolat, hovedsakleg parasittar i fisk. Desse sekvensane i tillegg til lignande sekvensar henta frå Genbanken, er nytta i fylogenetiske analysar. Resultata syner at det er store ulikskapar mellom fylogeniar basert på morfologiske data og dei som ein får når ein nyttar molekylære data. Fleire endringar i klassifiseringa av microsporidier er foreslått med særleg vekt på artar og slekter som parasitterar fisk.

Personalia
Frank Nilsen er født på Auklandshamn i Sveio. Han vart i 1993 utdanna cand. scient. i Fiskehelse ved Institutt for Fiskeri og Marinbiologi ved Universitetet i Bergen. Han vart tatt opp som dr. scient. student ved Universitetet i Bergen 1993. Har sidan hausten 1994 vore tilsett som universitetsstipendiat i Fiskehelse ved Institutt for Fiskeri og Marinbiologi.

Tidspunkt og sted for disputasen: 25. juni kl. 14.00 Rom 2144, Høyteknologisenteret

Kontaktpersoner:
Førsteamanuensis Are Nylund, tlf. 55 58 44 44
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55589035