UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD
 

Varmekamera måler utstråling

Barton M. Gratt (51) frå Seattle disputerte 19.juni for dr.philos.graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Clinical Applications of Static Area Telethermography in Dentistry».

Termografi er ein teknikk der ein ved hjelp av eit varmekamera får danna eit bilde av varmeutsrålinga frå ein pasient. Gratt har nytta denne teknikken først for å få fram eit normalmønster, deretter er den nytta på pasientar med ulike smertetilstandar. Ved hjelp av denne metoden har det lykkast å komme fram til objektive registreringar som ikkje har vore mogeleg med andre metodar.

Personalia
Barton M.Gratt har utført doktorgradsundersøkingane ved University of California, Los Angeles. Fullføring av arbeidet er også gjort med støtte frå odontologisk røntgendiagnostikk ved UiB. Han disputerte ved Det odontologiske fakultet. Gratt arbeider nå ved University of Washington, Seattle.

Kontaktperson
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p)