UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Den europeiske kirsebærfluga

Cand. scient. Gunnhild Jaastad (31) disputerar fredag 6. februar 1998 for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Mating behavior and distribution of the European cherry fruit fly (Rhagoletis cerasi L.) in Norway; applied and evolutionary research aspects on an insect pest.

Jaastad si avhandling har hatt som utgangspunkt å samanfatte aspekt frå både evolusjonær og anvendt forsking med omsyn til den europeiske kirsebærfluga. Kirsebærfluga, som er eit alvorleg skadeinsekt på søtkirsebær i store delar av Europa, vart for fyrste gong registrert i 1991 i Hardanger, hovudproduksjonsområdet for søtkirsebær i Noreg. Kjennskap til utbreiing, populasjonsstorleik og livssyklus til eit skadeinsekt er naudsynt for å vite kvar og når ein skal setje inn rådgjerder. Vidare har informasjon om eit skadeinsekt si paringsåtferd potensiale til å kunne nyttast i bekjemping og til å auke kunnskapen om seksuell seleksjon og evolusjonsprosessar generelt. Jaastad har registrert utbreiinga til kirsebærfluga i Sør-Noreg, og ho diskuterar effekten av klimatiske tilhøve på den observerte førekomsten. I fleire arbeid har ho undersøkt paringsåtferda til kirsebærfluga. Arbeidet viser at det er seksuell seleksjon på hannar, truleg fordi hoer har eit kritisk makeval. Faktorar som tettleik, kjønnsratio, fordeling av og kor viktige ulike ressursar er i rom og tid påverkar paringsåtferda til båe kjønn. Resultata frå denne avhandlinga kan nyttastĘ som grunnlag for å justere eksisterande bekjempingsmetodar, og inngå i utvikling av nye strategiar mot kirsebærfluga. Jaastad viser i sitt arbeid at studiet av seksuell seleksjon knytta til eit skadeinsekt har potensiale til å svare på evolusjonære spørsmål og samstundes vere nyttige innanfor anvendt forsking.

Personalia
Gunnhild Jaastad er født og oppvaksen i Ullensvang i Hardanger. Ho tok hovudfag ved Zoologisk institutt, Universitetet i Bergen, i 1993. I 1994 starta ho på doktogradsutdanninga ved same institutt etter å ha motteke doktorgradsstipend frå Norges Forskningsråd. I sitt doktorgradsarbeid har ho også vore tilknytta Planteforsk forskingssenter, Ullensvang.

Tidspunkt og stad for disputas: 6. februar 1998, kl. 10.30 i Auditoriet på Autogården (Carl L. Godskes hus).

Kontaktpersoner:
Cand. scient. Gunnhild Jaastad, tlf. 55 58 22 33
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 9035