UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Verft i oljetid

Cand.philol Lars Gaute Jøssang (41) disputerer 18. desember for dr. art.- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Oljeteknokratiet. Ein studie av Rosenberg Verft, 1965-1995»

Avhandlinga viser korleis eit bestemt verft på Sør-Vestlandet kom i vanskar, blei plattformbyggjar og etablerte offshoreverft. Jøssang får fram at overgangen frå skip til plattform meir skunda på enn utløyste fundamentalt nye endringsprosessar.Utviklinga ved verftet har elles vore prega av meir styring, kontroll og formalisme, skjerpa kompetansekrav, oppdelte og spesialiserte oppgåver, endra fagarbeid og ei klar styrking av ingeniør- og teknikargruppa.  Oljeteknokratiet, som desse tendensane kan samlast i, toppa seg på 1980-talet. I 1990-åra har ein sett klare tillaup til nedbygging og svekking av denne formasjonen. Offshore framstår såleis som ein dynamisk produksjonskontekst med skiftande innhald over tid.

Personalia:
Lars Gaute Jøssang er fødd i Strand kommune i Rogaland. Han er cand.philol frå Universitetet i Bergen. I 1988 blei han stipendiat same stad på prosjektet Omstilling i verftsindustrien. Jøssang har hatt oppdrag både for oljeselskap og verft, og mellom anna vore medarbeidar på prosjektet Norsk oljehistorie. I perioden har han også vore engasjert av Jærmuseet. No underviser han ved Norsk Lærarakademi Lærerhøgskolen.

Tidspunkt og stad for disputasen: Fredag 18. desember kl.10.15,  Sydneshaugen skole, Aud. B, Sydnespl. 9.

Kontaktpersonar:
Forskar Lars Gaute Jøssang,, tlf. 55 53 69 33 (a), tlf. 56 17 78 07 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf 55 12 56 91 (p)