UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Om straumen av atlanterhavsvatn i dei nordiske hav

Cand. Scient. Tore Furevik (29) disputerar mandag 31. august for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: 

On the Atlantic Water Flow in the Nordic Seas: Bifurcation and Variability

Fureviks avhandling tar sikte på å auka forståinga av variabiliteten i straumen av atlanterhavsvatn til Norskehavet, Barentshavet og Polhavet. Dette varme og næringsrike vatnet spelar ei avgjerande rolle for klimaet og det marine økosystemet i områda.

Avhandlinga er todelt: I del 1 vert det regionale klimaet i dei nordiske hav studert ut frå trykk- og temperaturdata i lufta, og temperatur- og saltdata i havet.
Vest for Barentshavet deler straumen av atlanterhavsvatn seg i to, der ein del går austover inn i Barentshavet, og ein del går nordover vest for Spitsbergen. I del 2 i avhandlinga vert dynamikken i forgreiningspunktet studert.
Effektar av tetthetsskiktning i vatnet, og vinddrag på overflata, er undersøkt ved hjelp av ein numerisk modell. Regionale og meir fjerntliggjande årsaker til klimavariasjonane vert identifisert i avhandlinga.
 

Personalia:
Tore Furevik er født på Stord i Sunnhordland i 1969. Etter eit år ved Informatikklina på Stord Lærarhøgskule, og eit år i militæret, vart han immatrikulert ved Universitetet i Bergen hausten 1990. Cand. scient. eksamen vart avlagt i fysisk oseanografi, ved Geofysisk Institutt i januar 1995. Juli same år vart Furevik tatt opp på dr. gradsstudie ved Universitetet i Bergen. Sidan den tid har han arbeidd i Bergen, og ved Polar Science Center, University of Washington, Seattle.

Tid og stad: 31. august , kl 1000, Auditoriet i austfløyen, Geofysisk Institutt

Kontaktpersonar:
Professor Arne Foldvik, Geofysisk Institutt tlf: 55582653, epost: Arne.Foldvik@gfi.uib.no
Førsteamanuensis Kjell Arild Orvik, tlf: 55582637, epost: Kjell.Orvik@gfi.uib.no
Informasjonskonsulent Jo Høyer. Informasjonsavdelingen Tlf. 55589036