Fureviks avhandling tar sikte på å auka forståinga av variabiliteten i straumen av atlanterhavsvatn til Norskehavet, Barentshavet og Polhavet. Dette varme og næringsrike vatnet spelar ei avgjerande rolle for klimaet og det marine økosystemet i områda.
Avhandlinga er todelt: I del 1 vert det regionale klimaet i dei nordiske
hav studert ut frå trykk- og temperaturdata i lufta, og temperatur-
og saltdata i havet.
Vest for Barentshavet deler straumen av atlanterhavsvatn seg i to,
der ein del går austover inn i Barentshavet, og ein del går
nordover vest for Spitsbergen. I del 2 i avhandlinga vert dynamikken i
forgreiningspunktet studert.
Effektar av tetthetsskiktning i vatnet, og vinddrag på overflata,
er undersøkt ved hjelp av ein numerisk modell. Regionale og meir
fjerntliggjande årsaker til klimavariasjonane vert identifisert i
avhandlinga.
Personalia:
Tore Furevik er født på Stord i Sunnhordland i 1969. Etter
eit år ved Informatikklina på Stord Lærarhøgskule,
og eit år i militæret, vart han immatrikulert ved Universitetet
i Bergen hausten 1990. Cand. scient. eksamen vart avlagt i fysisk oseanografi,
ved Geofysisk Institutt i januar 1995. Juli same år vart Furevik
tatt opp på dr. gradsstudie ved Universitetet i Bergen. Sidan den
tid har han arbeidd i Bergen, og ved Polar Science Center, University of
Washington, Seattle.
Tid og stad: 31. august , kl 1000, Auditoriet i austfløyen, Geofysisk Institutt
Kontaktpersonar:
Professor Arne Foldvik, Geofysisk Institutt tlf: 55582653, epost: Arne.Foldvik@gfi.uib.no
Førsteamanuensis Kjell Arild Orvik, tlf: 55582637, epost: Kjell.Orvik@gfi.uib.no
Informasjonskonsulent Jo Høyer. Informasjonsavdelingen Tlf.
55589036