UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Bestandsstorleikar og næringsgrunnlag

Cand. scient Bjarte Bogstad (34) disputerar 19.september for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

Multispecies models for the Barents Sea

Avhandlinga omhandlar ein matematisk modell (MULTSPEC) for samverknaden mellom torsk, lodde, sild, vågekval og grønlandssel i Barentshavet. I modellen beiter torsk på lodde, sild og ungtorsk, medan sild og lodde beiter på plankton . Sild beiter dessutan på loddelarver. Veksten av torsk, lodde og sild er avhengig av mengda byttedyr. Både grønlandssel og vågekval beiter på lodde, sild og torsk, men veksten av desse bestandane er i modellen ikkje gjort a vhengig av mengda byttedyr. Modellen blir brukt til å studere effekten av å endre bestandsstorleikane og næringspreferansane for vågekval og grønlandssel på torsk, lodde- og sildebestandane. Dessutan har modellen blitt brukt til å finne ein optimal forvaltingsstrategi for lodde når ein tek omsyn til predasjon (beiting) frå torsk på lodde.

Personalia
Bjarte Bogstad er fødd i Høyanger. Han tok cand. scient eksamen i anvend matematikk ved Universitetet i Bergen i 1986. I 1992 vart han tatt opp som dr. scient student ved matematisk institutt, Universitetet i Bergen. Han har vore tilsett ved Havforskingsinstituttet i Bergen sidan 1988.

Tidspunkt og sted for disputasen:
Fredag 19. september 1997, kl. 09.00 i auditorium, Johs.Brunsgt. 12

Kontaktpersoner:
Cand.scient. Bjarte Bogstad, tlf. 55 238425
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 589035 (a), 55200291 (p)