UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Ludwig Feuerbachs Luther-resepsjon og religionskritikk

Ph.D. Arve Brunvoll disputerer 14. november 1997 for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Gott ist Mensch. Die Luther-Rezeption Ludwig Feuerbachs und die Entwicklung seiner Religionskritik".

Brunvolls avhandling tek sikte på å klårgjere tilhøvet mellom Feuerbachs Lutherstudium og hans religionskritikk. I ei kritisk vurdering av den tidlegare forskinga spør ho etter opphavet og tidsromet for Feuerbachs Lutherstudium og måten Feuerbach brukar Luther på i sin religionsinterpretasjon.

Filosofen Ludwig Feuerbach (d. 1872) er særleg kjend for si tolking av religionen som eit reint menneskeleg fenomen. I det mest kjende verket sitt, "Das Wesen des Christentums" (1841) utfaldar han sin tese om at mennesket i religionen eigentleg berre etablerer eit tilhøve til sitt eige vesen som uendeleggjort.

I tillegg til Feuerbachs skrifter dreg avhandlinga for første gong fram det omfattande materialet i Feuerbachs etterlatne manuskript, der ein m.a. finn ei mengd utdrag frå Luthers skrifter. Dette materialet vert no analysert for å få nye fakta i tilhøvet mellom Feuerbach og Luther fram i lyset. I tillegg vert det gjeve ei fullstendig oversikt over dei ca. 1200 stadane frå Luthers skrifter som finst i Feuerbachs skrifter og manuskript.

Personalia
Arve Brunvoll er fødd i 1937 og busett i Bergen. Han tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1962 og praktisk teologisk eksamen frå same stad i 1963. I 1968 vart han tilkjend dr.philos.-graden ved Universitetet i Glasgow.

Tidspunkt og sted for disputasen:
14. november, kl. 10.15, Auditorium 2, Dragefjellet, Magnus Lagabøtespl. 1.

Kontaktpersoner:
Arve Brunvoll, tlf. 55325650 (a), 55184529 (p)
Førstekonsulent Anne Hamre, tlf. 55589043 (a), 55324746 (p)