Frå handverkar til lønnsarbeidar? Snekkarar og tømmermenn i Bergen 1801 - 1902
Skiljer den gamle laugshandverkaren seg grunnleggande frå moderne lønnsarbeidarar? Ja, meiner doktoranden. Han hevdar at dei bergenske snekkarane ved inngangen til 1800-talet levde innafor ein kulturell horisont som er framand for oss. Men Ågotnes argumenterer mot å sjå "det gamle handverket" som noko sosialt og kulturelt einskapleg, slik det oftast blir gjort. Snekkarar og tømmermenn inngjekk i skilde sosiale samanhengar. Dette får konsekvensar for synet på dei endringsprosessane som yrka gjekk gjennom utover på 1800-talet. Doktoranden hevdar at laugsrelasjonane gjekk i oppløysing lenge før kapitalistiske produksjonsformer slo gjennom. For å forklare endringar må ein difor studere indre mekanismar i det enkelte yrket.
Personalia
Hans Jakob Ågotnes er fødd i 1954. Han tok historie hovudfag
ved Universitetet i Bergen i 1985. Seinare har han blant anna skrive
fagforeiningshistorie, forska i internasjonaliseringsprosessar for
Nordisk Ministerråd og undervist ved Universitetet i Bergen. Han er
nå førsteamanuensis ved Institutt for kulturstudier og
kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, med arbeidsområde
innanfor faget kulturvern og kulturformidling.
Tidspunkt og sted for disputasen: Lørdag 15. januar kl. 10.15 i Auditorium 2, Dragefjellet, Magnus Lagabøtesplass 1.
Kontaktpersoner
Cand.philol. Hans Jacob Ågotnes tlf.: 55 58 22 08 (a)
Informasjonskonsulent Jo Høyer tlf.: 55 58 90 36 / 55 10 18 24
(p)