Demokrati som karismatisk herredømme

Cand.philol. Nils Rune Langeland (33) disputerer den 20. juni for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Myten om det politiske herredømet. Frå reformliberalisme til revolusjonær konservatisme i Tyskland

Avhandlinga rekonstruerer ein særeigen tysk debatt om kva som var dei grunnleggjande føresetandane for å utøve og oppnå politisk herredøme i Weimarrepublikken. Langeland viser at denne debatten var felles både for den seine liberalismen og dei antiparlamentariske intellektuelle innanfor den såkalla Konservative Revolusjon. Debatten om det politiske herredømet i Weimarrepublikken, som vart prega av elitistiske høgreintellektuelle, har ikkje forfatningsformer, deltakarrettar eller andre "tekniske" innretningar som tema. Den handlar om det politiske uttrykket slik det kjem til syne hos einskildindividet. Både liberale og dei høgreintellektuelle meinte at det berre var den karismatiske føraren som kunne reise eit verkeleg legitimt politisk herredøme i Weimarrepublikken.

Personalia
Nils Rune Langeland er fødd i 1964 og oppvaksen på Voss. Han tok historie hovudfag ved Universitet i Bergen i 1992. I frå 1993-1996 har han vore universitetsstipendiat ved same univeristet, men har hatt lange opphald i München og Berlin under studietida. det siste halve året har han arbeidd som universitetslektor ved Historisk Institutt ved Universitetet i Bergen.

Tidspunkt og stad for disputasen:
Fredag 20.06.97 kl. 1015 i Ulrike Pihls Hus, Professor Keysersgt. 1

Kontaktpersoner: Nils Rune Langeland Tel: 55 58 88 21 eller 55 96 17 17
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit tlf:: 55 58 90 43 (a) / 55 12 56 91 (p)


INFORMASJONSAVDELINGEN, UIB
Postadresse: Gateadresse: Telefon:* 55 58 90 30 Telefax: 55 58 90 32
5020 Bergen Parkveien 9