Cand. scient. Øyvind Fiksen disputerer torsdag 26. juni for dr.scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
Functional models of life strategies in zooplankton and fish
Dyreplankton har ein tendens til å symje opp mot overflata om natta
og ned på større djup om dagen. Denne vandringa er truleg
ein måte å redusere risikoen for å bli fanga av fisk og
fiskelarvar som treng lys for å sjå byttet. Samstundes beiter
planktonet nok algar til å vekse, reprodusere og byggje opp
fettreservar til vinterdvalen. I avhandlinga blir dette fenomenet
analysert frå ein teoretisk synsvinkel, med utgangspunkt i Darwin
sin teori om evolusjon gjennom naturleg utval.
Fiksen har utvikla matematiske simulerings-modellar for korleis ein
forventar at dyr skal oppføra seg i situasjonar der dei må
velja mellom risiko for å bli eten av rovdyr og gode vilkår
for vekst. Dette gjeld også for lodda som må velgja mellom
varmt og næringsrikt atlantisk vatn sør-vest i Barentshavet
og kaldt, men trygt (der er lite torsk) lenger mot nord og aust.
Personalia
Øyvind Fiksen er fødd i 1968 i Drøbak, vaks opp
på Frekhaug og bur no i Telavåg på Sotra. Han tok cand.
scient. graden ved Institutt for fiskeri og marinbiologi, Universitetet i
Bergen i 1994, og vart teken opp til dr.scient. studiet same stad i 1995.
Tid og sted
Torsdag 26. juni kl. 10.15 i Store auditorium, rom 2144, HiB
Kontaktpersoner
Cand.scient. Øyvind Fisken tlf.: 55 58 46 24 (a) / 56 33 73 42
(p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit tlf:: 55 58 90 43 (a) / 55 12
56 91 (p)