Biomarkers for occupational and environmental exposure to polycyclic aromatic hydrocarbons
I lufta finst tjærestoffer (PAH) som kan være kreftframkallande. Øvrebø har i avhandlinga undersøkt metodar som kan gi ny informasjon om korleis menneska blir utsette for dette stoffet.
PAH-forureining i luft kjem frå forbrenningsreaksjonar, og blant anna elektrokjemisk industri slepp ut mykje av dette stoffet. Både lufta i byar og tettstader og lufta i områder nær bedrifter som slepp ut PAH inneheld mykje tjærestoff. Øvrebø si avhandling handlar om bruk av biologiske markørar, som her er målingar i væske som blod og urin, for å påvise spor etter PAH forureining. Måleresultata er samanlikna med konsentrasjon av PAH i luft. Det er teke målingar av ansatte ved industriforetak i Noreg og Polen og av personar som er busett i eit sterkt forureina område i Polen.
Personalia
Steinar Øvrebø er oppvaksen i Førde og tok i 1973
cand.real eksamen ved Universitetet i Bergen. Han er no tilsett som
forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt i Oslo.
Tidspunkt og stad for disputasen: Stort Auditorium, rom 2144, Høyteknologisenteret, Thormøhlensgt.55, 17 januar 1997 kl 10.00
Kontaktpersonar:
Forskar Steinar Øvrebø tlf 23195276 (a)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit tlf 55 58 90 43 (a) / 55 12 56
91 (p)