Regionen i litteraturen

Førsteamanuensis Kåre Glette disputerer for dr.philos-graden ved Universitetet i Bergen over avhandlinga

Frå Slemdal til Seilersberget.

Avhandlinga analyserer heile forfattarskapet til Karin Bang. Den er ein regionalistisk studie av eit utval av tekstar i Karin Bangs forfattarskap. Forfattaren Karin Bang er oppvaksen på Slemdal, ein bydel på Oslo vestkant, men flytta seinare til øya Veierland utanfor Nøtterøy og Tjøme, der ho framleis bur. På Veierland er Seilersberget det høgaste punktet, staden der kystkvinnene frå gammalt av har stått og speida utover havet. Seilersberget er også namnet på ei novellesamling av forfattaren. Doktoranden påstår at forfattarskapen kommuniserer om og med Vestfold. Denne kommunikasjonen er det utilstrekkeleg å gripe ut frå det ytre "objektive" Vestfold, men må tolkast ut frå ei rad biografiske, regionale, nasjonale og overnasjonale tekstar. Doktoranden tar også for seg teoretiske problem og posisjonar i samband med litterær regionalisme. Dessutan blir regionalistisk tekslesing problematisert og drøfta ut frå moderne litteraturteori.

Personalia
Kåre Glette er fødd i Haugesund i 1943 og oppvaksen i Sveio. Han tok filologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1974. Doktoravhandlinga er hovudarbeidet i prosjektet "Vestfold og litteraturen".Tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Vestfold sidan 1992.

Tidspunkt og sted for disputasen: Lørdag 22. februar kl. 10.15 i Auditorium 2, Dragefjellet, Magnus Lagabøtesplass 1.

Kontaktpersoner
Førsteamanuensis Kåre Glette tlf.: 33 03 14 19 (a) Informasjonskonsulent Jo Høyer tlf.: 55 58 90 36 / 55 10 18 24 (p)


INFORMASJONSAVDELINGEN, UIB
Postadresse: Gateadresse: Telefon:* 55 58 90 30 Telefax: 55 58 90 32
5020 Bergen Parkveien 9