UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Universitetsliv - politiske prosessar og institusjonelle forhold

Roar Høstaker disputerer fredag 5. desember 1997 for dr.polit-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

University Life; A Study of the Relations between Political Processes and Institutional Conditions in Two University Faculties.

Denne studien freistar å sjå samanhengar mellom politiske prosessar og institusjonelle forhold ved to universitetsfakultet. Spesielt tek avhandlinga opp dei reformene som blei lanserte frå slutten av 1980-talet og korleis lokale grupper ved institusjonane utforma strategiar i høve til desse. Her konsentrerer avhandlinga seg om reformene knytt til forskarutdanninga, for konsentrasjon av ressursar, nye kvalitetskriterier og verksemdplanlegging.

Dei politiske prosessane ved institusjonane blir sett som ei forlenging av dei allmenne relasjonane mellom vitskapleg tilsette, og ein viktig del av avhandlinga er ei kartlegging av det institusjonelle grunnlaget for desse relasjonane. Her blir det lagt vekt på forholda til eit overordna akademisk felt, stratifisering og hierarkisering mellom dei tilsette, rekrutteringsmønstre, forholdet til disiplinane og til staten.

Personalia:
Roar Høstaker er fødd i 1962 og kjem frå Dale i Sunnfjord. I 1992 tok han hovedfag i Administrasjon og organisasjonskunnskap ved Universitetet i Bergen. Sidan 1992 har han arbeidet som forskningsassistent og forskar ved LOS-senteret (Norsk senter for forskning i ledelse, organisasjon og styring), samme universitet.

Tidspunkt og stad for disputasen: Fredag 5. desember 1997, kl. 10.15 i Ulrik Pihls hus.

Kontaktpersonar:
Roar Høstaker, tlf. 55 54 84 41 (a), 55 29 74 38 (p)
Førstekonsulent Anne Hamre, tlf. 55 58 90 43 (a) / 56 32 47 46 (p)