NY DOKTORGRAD:

Biomarkørar i miljøovervaking:
Studiar av cellulære responsar på forureining i fisk

Cand. scient Bjørn Einar Grøsvik (33) disputerer torsdag 26 september for dr. scient. graden ved universitetet i Bergen med avhandlinga:

Biomarkerprotein expression in fish; a study of cellular responses to environmental pollutants.

Grøsvik har studert korleis proteinsyntesen i cellekulturar frå fisk blir påverka av ulike miljøgifter. Endringar i proteinsyntesen kan brukast som biomarkørar i miljøovervaking for å varsla om effektar av forureining. Nokre biomarkørar er generelle indikatorar for eksponering eller effekt, medan andre er meir spesifikke responsar på enkeltkjemikaliar eller klassar av framandstoff.
For å studera molekylære responsar på forureining er primærcellekulturar frå ulike fiskevev isolert, og eksponerte for ulike miljøgifter som PAH, PCB og tungmetall. Ei målsetjing for dette arbeidet har vore å studera om endringar i proteinmønsteret skuldast induksjon av kjente biomarkørprotein eller om endringane skuldast protein som hittil ikkje er brukte i denne samanhengen, men som kan visa seg nyttige i framtidige miljøovervakingsstudiar. Arbeidet har påvist eit par moglege kandidatar for slike protein. I studiar med laksehepatocyttar vart det funne eit protein som vart indusert av alle dei organiske sambindingane. I tillegg vart fleire protein induserte etter metalleksponering i hepatocyttar og kvite blodceller.


Personalia:
Bjørn Einar Grøsvik kjem frå Stord. Han tok cand. scient. graden ved
Biokjemisk institutt, Universitetet i Bergen i 1991 og vart i 1992 teken
opp som dr. scient student ved Felleslaboratorium for bioteknologi med
tilknytning til Laboratorium for marin molekylærbiologi. Han er idag
tilsett som postdoc ved Lab. for marin molekylærbiologi. Prosjektet har vore støtta av VISTA.

Disputas - tidspunkt:
Bjørn Einar Grøsvik forsvarar avhandlinga si 26. september kl 1015 i
Auditorium 5, Realfagbygget.

Kontaktpersonar:
Førsteaman. Anders Goksøyr, Lab. for marin molekylærbiologi, Tlf 55 58 43 74.
Informasjonskonsulent: Rønnaug Tveit, 55 58 90 35