Varsling av nedbør i bratt terreng

Cand. scient Anne Dagrun Sandvik (31) disputerer fredag 18. oktober for dr. scient graden ved Universitetet i bergen med avhandlinga:

Condensation processes in a non-hydrostatic mesoscale model

Danning av skyer og kondensasjonsprosessar er viktig for sirkulasjonen i atmosfæra. I arbeidet sitt har Sandvik synt korleis slike prosessar kan innførast i modellar. I doktorgradsavhandlinga tek ho for seg innføring av våte prosessar i ein ikkje-hydrostatisk atmosfære modell, med særleg vekt på danning av skyer og utfelling av nedbør. Modellen liknar i prinsippet den som til dagleg blir nytta til å varsle veret, men skil seg frå den ved at likningane er formulerte slik at modellen kan brukast i områder med brattare fjell og store vertikale akselerasjonar. Modellen kan dermed brukast til å studere lokale atmosfæriske sirkulasjonar, som til dømes meteorologiske fenomen i det varierte vestnorske terrenget (fjordar og dalar). Modellen med skyskjema er blitt testa for solgangsbris og straum over fjell. Resultata er lovande og syner at modellen kan reprodusere det vi kan forvente ut i frå meteorologiske observasjonar. Saman med dagens vervarslingsmodell vil ein slik modell vere eit nyttig verkty som kan brukast til å gje eit detaljert vervarsel for eit lite område.

Personalia
Anne Dagrun Sandvik er fødd i Gurskebotn på Sunnmøre. Ho vart i 1991 utdanna cand. scient. ved Universitetet i Bergen, og i 1992 teken opp som dr. scient. stipendiat ved Universitetet i Bergen, knytta til meteorologisk gruppe ved Geofysisk institutt.

Disputasen
Fredag 18. oktober, Geofysisk institutt, auditoriet i østfløyen klokka 13.15

Kontaktpersoner:
Dr. scient. Anne Dagrun Sandvik 55 58 26 63
Førsteamanuensis Monica Sagstad tlf. 55 58 26 04 (a)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit tlf. 55 58 90 35 (a)