Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD


Bygda og den framande

Cand.polit. Mary Bente Bringslid disputerer 8. mars 1996 for dr. polit. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Bygda og den framande- det lokales de- og rekontekstualisering i ei norsk bygd

Avhandlinga er skriven på bakgrunn av eit antropologisk feltarbeid i ein vestnorsk bygdekommune. Avhandlingas tema er "det lokale" og kva meining lokalitet i brei forstand har i ein moderne norsk bygdekontekst. Avhandlinga fokuserer på, og kastar lys over, lokalitet slik det går inn i bygdebuars sjølvforståing. Det lokale har med tolking av geografiske omstende og romleg nærleik/avstand å gjere, det har med konstruksjon av det lokale som kulturell kvalitet å gjere, og det dreier seg om "lokal" som politisk relevant storleik. Forholdet mellom noko lokalt og noko overlokalt er dessutan i avhandlinga forsøkt fanga inn i eit meir generelt fokus på forholdet mellom noko som blir antatt; noko som blir tatt for gitt, og dei trekka ved moderne bygdebuars kvardagsliv som verkar tematiserande og dekontekstualiserande på slike usagte lokale føresetnader. Avhandlinga representerer også ein alternativ innfallsvinkel til studien av framandkulturelle innflyttarars kår i norsk bygdemiljø. I staden for å fokusere på til dømes flyktningar som unike i sin "framandleik", blir det å vere framand i denne studien handsama som noko som i større eller mindre grad pregar alle den moderne bygdas sosiale personar og situasjonar.


Personalia:
Mary Bente Bringslid er fødd i Fræna kommune, Møre og Romsdal. Ho vart cand.polit. ved Universitetet i Bergen våren 1986. Sidan har ho vore amanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule, og vitskapeleg assistent ved SEFOS, Universitetet i Bergen. Frå 1990 har ho vore tilsett som stipendiat ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen med stipend frå Norges forskningsråd.


Tidspunkt og stad for disputasen: 8. mars kl 10.15., Auditoriet, Ulrike Pihls hus

Prøveforelesning: 7. mars kl 15.15, samme sted
Oppgitt emne: "Om å studere sosialt liv i Norge i et krysskulturelt perspektiv"

Kontaktpersonar:
Cand.polit. Mary Bente Bringslid, tlf. 55 58 92 55
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a)/ 55 20 02 91 (p)