Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Søvn og serotonin

Cand.scient. Alvhild Alette Bjørkum (34) disputerer 24. mai 1996 for dr.scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Modulatory role of the descending serotonergic system in sleep and waking

Arbeidet er utført ved Fysiologisk institutt. Avhandlinga utgjer fleire arbeid som er publisert i internasjonale tidsskrift. Arbeida tyder på at aktiviteten i det spinale serotonerge system kan redusere overføring av sensorisk informasjon frå ryggmargen til hjernen slik at hjernen lettare kan generere søvn. Arbeida peikar i retning av at kroppen sine eigne, endogene, moduleringssystem som det spinale serotonerge system, kan påverke straumen av sanseinntrykk og slik kan vere eit ledd i fysiologiske mekanismar som kan påverke innsovning og mengde av søvn.

Personalia
Alvhild Alette Bjørkum er fødd i Naddvik, Årdal i Sogn. Ho vart i 1987 utdanna cand. scient. ved Fysiologisk institutt, Universitetet i Bergen. Bjørkum arbeidde som forskar ved Statens legemiddelkontroll i 1988 og fagkonsulent i Noregs forskingsråd, Rådet for medisinsk forsking i 1989-90. Ho har vore universitetsstipendiat ved Fysiologisk institutt 1990-94. Sidan 1995 har Bjørkum hatt forskarstipend frå "U.S - Norwegian Fulbright Foundation for Educational Exchange" samt Norge-Amerikaforeningen og utanlandsstipend frå Norsk forskingsråd, Avdeling for medisin og helse og er no tilknytt Harvard Medical School, Department of Psychiatry, Laboratory of Neuroscience, Massachusetts, U.S.A..

Tid og stad for disputasen: Dei prekliniske institutta, Auditorium I, 24. mai kl. 10.15

Kontaktpersonar:
Professor Reidun Ursin, tlf. 55 58 6407 /Førstekonsulent Vegard Opheim: Tlf. 55 586370
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a)/ 55 20 02 91 (p)