Livet til hårmyggen

Cand.scient. John Skartveit (27) disputerer 16. desember 1996, for dr.scient.-garden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Studies on the systematics and life histories of Bibioninae (Diptera, Bibionidae).

Skartveit si avhandling er eit bidrag til kunnskap om den lite studerte tovengjefamilien Bibionidae (hårmygg). Avhandlinga si sentrale problemstilling er korleis hårmygg tilpassar seg livet under strenge klimatiske tilhøve i norske høgfjell. Han har særleg studert korleis livshistorietrekk, såsom kor lang tid larvene brukar på utviklinga, varierer med høgde over havet. Økologiske studiar av hårmygg har vore vanskelege fordi larvene har vore umogelege å artsbestemma. Ein gjennomgang av larvene til dei vanlege hårmyggartane inngår difor som ein del av avhandlinga. Avhandlinga inneheld også arbeid omkring morfologi, systematikk og åtferd for denne familien.

Personalia:
John Skartveit vart fødd i Stavanger og er oppvaksen på Finnøy i Ryfylke. Han avslutta cand.scient.-graden ved Zoologisk Museum, Universitetet i Bergen hausten 1993, og vart teken opp som dr. scient-student ved Universitetet i Bergen i 1993 med tilknyting til Systematisk Avdeling, Zoologisk Institutt. Han har vore dr. gradsstipendiat finansiert gjennom Norges Forskningsråd sidan januar 1994.

Tidspunkt og stad for disputasen: 16. desember 1996, kl.11.15 i aud. 2, Realfagbygget, Allegt. 41,

Kontaktpersonar:
Førsteamanuensis Torstein Solhøy, tlf. 55 58 22 34 (a), 55 18 33 04 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit 55 58 90 43 (a) / 55 12 56 91 (p)


INFORMASJONSAVDELINGEN, UIB
Postadresse: Gateadresse: Telefon:* 55 58 90 30 Telefax: 55 58 90 32
5020 Bergen Parkveien 9