Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Rømd oppdrettslaks i naturen

Cand. scient. Harald Lura (30) disputerer fredag 5. mai for dr. scient.graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Domesticated female Atlantic salmon in the wild: spawning success and contribution to local populations

Avhandlinga til Lura tek utgangspunkt i den store mengda rømd, kjønnsmogen oppdrettslaks som vandrar opp i norske elver. Arbeida viser korleis avkom etter slike laksehoer kan kjennast att gjennom innhaldet av syntetisk raudt fargestoff som kjem frå oppdrettsforet. Ved å ta prøvar frå gyteplassane til laksen i elvane kan suksessen til rømd laks kartleggjast. Studiet viser at laks som har vore fleire generasjonar i kultur finn eigna gyteplassar. Gytegropene deira er like villaksen sine og gytinga er vellukka om tettleiken av villfisk er låg. Oppdrettslaksen er likevel ein dårlegare konkurrent på gyteplassane og vert hindra frå å gyte om det er mykje villaks i elva. Lura konkluderer med at faren for genetisk bidrag frå rømd fisk til lokale laksestammer er stor i elvar med mykje rømd laks og lite villfisk. På grunn av svakare konkurranse evne vil likevel det genetiske bidraget frå rømd fisk være minimal om ein greier åredusere rømminga frå oppdrett slik at oppdrettslaksen utgjer mindre enn 10 % av gytebestanden i elvane.

Personalia
Harald Lura er oppvaksen på Tu i Klepp kommune på Jæren. Han starta utdanninga si ved Universitetet i Bergen hausten 1985 og avla cand. scient. eksamen ved Zoologisk Museum, økologisk avdeling, våren 1990. Lura vart oppteken som dr. scient. student ved Zoologisk museum hausten 1990 og var i perioden juni 1990 til juni 1993 tilsett som stipendiat ved Zoologisk Institutt, på eit prosjekt finansiert av Norges forskningsråd, avdeling NFFR. Han har siste året vore tilsett som Museumsaspirant ved Zoologisk museum i Bergen og er for tida på jakt etter arbeid i Stavangerregionen.

Tidspunkt og stad for disputasen:
Fredag 5. mai kl 11.00, Auditorium 2, Realfagbygget

Kontaktpersoner
Cand. scient.Harald Lura, tlf. 55 21 24 85 (a)
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a)/ 55 20 02 91 (p)