Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Uorganisk kjemi

Cand. scient. Per-Inge Kvam disputerer fredag 19. mai for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Platinum(II) Complexes Containing 2-Phenylpyridinate or 2-(2"- Thienyl) pyridinate Synthesis and Characterization. Voltammetric and Spectroscopic Investigations

Føremålet med forskningsprosjektet var å syntetisera nye platinum(II) sambindingar som kunne senda ut lys frå eksiterte tilstandar (eit elektron har fått tilført energi og gått over i eit høgare energinivå) i løysing ved romtemperatur. Eit kompleks som er i ein eksitert tilstand har heilt andre eigenskapar enn i sin grunntilstand. Nyare forskning har vist at plankvadratiske platinum(II) sambindingar der ein får elektronovergang frå sentralatomet (platinum) til ein ligand (eit atom eller molekyl festa til sentralatomet) under eksitasjon kan mellom anna ha eit potensiale som katalysatorar for omdanning av naturgass til lette bensinprodukt. Eit vilkår for slike bimolekylære interaksjonar er at den eksiterte sambindinga har relativt lang levetid i løysing ved romtemperatur (lenger enn omlag eit 1/1.000.000.000 sekund). Forskningsprosjektet er eit samarbeid med forskarar ved Russia State Pedagogical University (I. A. Herzen), St. Petersburg, Russland. Under forskningsopphald der vart mellom anna levetida til dei eksiterte tilstandane og energien til det utsendte lyset målt. Saman med elektrokjemiske målingar er det mogeleg å seia kva form for elektronovergang ein har i ei sambinding, og ut frå det kan ein sjå føre seg den mogelege nytteverdien.

Personalia
Per-Inge Kvam er fødd på Trengereid utanfor Bergen. Han tok cand. scient. graden i uorganisk analytisk kjemi ved Kjemsk institutt, Universitetet i Bergen i 1987. Etter avlagd eksamen arbeidde han omlag to år ved Senter for teknisk kundetjeneste (SFTK), Statoil Mongstad. Hausten 1989 vendte han tilbake til Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen der han arbeidde i eit år som amanuensis. Etter det byrja han som stipendiat i uorganisk kjemi ved same institutt. Han har sidan 1. april 1995 vore tilsett som amanuensis og leiar av Konserveringsseksjonen ved Bergen Museum, Universitetet i Bergen.

Tidspunkt og stad for disputasen: Realfagbygget, Auditorium 2. 19. mai kl. 10.30

Kontaktpersonar:
Professor Jon Songstad, Kjemisk institutt, 65 21 36 49.
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a)/ 55 20 02 91 (p)